Oppmoding til føresette frå Voss herad

Nytt og nyttig frå Ulvik herad

Prosjekt kjempespringfrø - Bli med på dugnad!

17. mai-program 2026

Velkommen til 17. mai-feiring i Ulvik

Kølleseminaret 8-10 mai 2026 - FULLT

Kølleseminar på Hjeltnes produksjonsskule laurdag 9.mai er utseld.Billettar til kveldsarrangement i Holmen kulturpark laurdag 9.mai kr 250,-. Det er 15 ledige billettar igjen og desse  blir selde i døra.

Ledig 60% fast stilling som kontaktperson for barnevernet

Me har ledig ei 60 % fast stilling som kontaktperson i barnevernstenesta. Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg medarbeidar som ønskjer å arbeide med barn, unge og familiar i ein kompleks og meiningsfull kvardag.Søknadsfrist:14. mai 2026Tilsetting snarast.

Informasjon frå helsestasjon- og skulehelsetenesta

I veke 20 og 21 har helsesjukepleiar ferie og utdanningspermisjon. Det er difor redusert kapasitet i skulehelsetenesta og i helsestasjon.  Dersom behov ta kontakt med Ulvik legekontor på tlf. 56 52 70 40. Dersom det ikkje hastar og kan vente; send sms på 40 00 71 24 eller via Helse Norge så tek helsesjukepleiar kontakt etter 26. mai.  Allereie planlagde timar i helsestasjon går som normalt i veke 20 og 21. Har du/barnet ditt time skal du/dykk difor møte til denne. Med venleg helsing  Åshild Lekve EideFagansvarleg for helsestasjon- og skulehelsetenestaUlvik herad  

Kva meiner du blir viktig for næringsutviklinga i Ulvik dei kommande åra?

Tiltaksdelen i Strategisk nærings- og utviklingsplan skal fornyast, og me vil gjerne ha dine innspel.Kom innom turistkontoret for ein prat med nærings- og reiselivssjef Mona H Hellesnes torsdag 7. mai kl 15 - 17.30 eller måndag 11. mai kl 15 - 17.30. Planen er styrande for bruken av næringsfondet, og du finn gjeldande plan her: STRATEGISK NÆRINGS OG UTVIKLINGSPLAN FOR ULVIK HERAD

Heradet ser etter bustader

Har du ein bustad du ynskjer å leige ut?Heradet ser etter fleire bustader: både til familie og einslege.  Ta kontakt med Sarah Dijkstra på:418 66 962Eller e-post:sarah.dijkstra@ulvik.kommune.no  

Anbefalingar til ungdomsforeldre

Oppvekst i Ulvik Herad oppmodar  om at alle ungdomsforeldre føl dei same anbefalinga som Voss Herad anbefaler.