Det har dessverre vore hærverk på toalettanlegget i Holmen denne veka, og eine toalettdøra er øydelagt.
Dette betyr at det berre er eitt toalett tilgjengeleg for badegjestane våre. Hærverket er meldt til politiet, og heradet ynskjer tips frå innbyggjarar om nokon har sett eller høyrt noko som kan oppklara kven som har gjort denne ugjerninga. Ta kontakt med heradet på tlf: 57527000 eller sendt epost: post@ulvik.kommune.no.

Publisert 09.07.2025 13.13
Sist endra 09.07.2025 14.50