Heradet sin organisasjonsmodell er basert på delegert mynde frå kommunedirektør til kommunalsjefane, i tillegg til nokre fagspesifikke delegasjonar.
Einingane i Ulvik herad er resultateiningar, med kvar sin kommunalsjef.
Ulvik herad er organisert etter ein modell der linjeleiing og fagleg leiing (stab og støtte) utgjer to parallelle og likeverdige styringsliner med ulik innretning.
I linjeorganisasjonen: Samfunn & Plan, Oppvekst, Helse & Velferd ligg den administrative styringsretten. Linjeleiinga har ansvar for drift, resultat og personal i eigen eining, og avgjer kven som skal gjere kva. Desse har delegert fullt økonomi- og personalansvar, samt mynde innafor eige budsjett, med eigne fagmål og rammer.
I stab og støtte ligg faglege funksjonar som fungerer etter eit sentrum–periferi‑prinsipp. Stabfunksjonane har ei samlande og fagleg sentral rolle på tvers av heile organisasjonen.
Til dømes har HR‑funksjonen ei fagleg, sentral rolle innan HR‑området. HR‑leiinga utgjer det faglege sentrum og er tildelt fagleg instruksjonsmynde, noko som inneber rett til å fastsetje retningsliner, prinsipp og krav som linjeleiarane er forplikta til å følgje. Tilsvarande gjeld for økonomifunksjonen, som fastset kontoplan, budsjettstruktur og overordna økonomiske føringar på tvers av organisasjonen.
Skiljet kan samanfattast slik:
- Linjeleiing avgjer kven som skal gjere kva
- Fagleg leiing avgjer korleis oppgåver skal løysast
Dei to styringslinene verkar saman og er gjensidig avhengige for å sikre kvalitet, like praksisar og heilskapleg leiing i Ulvik herad. Administrasjonen er oppteken av at heradet sine tilsette skal fungera som eitt lag, med fokus på korleis me kan møta innbyggjarane sine behov på best mogleg vis. Me skal vera ein positiv tenesteleverandør, samarbeidspart, tilretteleggjar og saksførebuar.
Ulvik herad si målsetting er å styrka rolla som samfunnsaktør, med effektiv ressursbruk, god kvalitet på tenestene, høg grad av brukarmedverknad og lokaldemokrati.