Kommunedirektør

Kommunedirektøren er øvste administrative leiaren i heradet og skal sjå til at politiske vedtak vert iverksett. Kommunedirektøren skal syte for at kommunen si drift er i samsvar med lov, regelverk og politiske vedtak.

 

Kommunedirektøren har vide fullmakter til å styre drifta av kommunen innanfor dei delegeringar som heradstyret har gitt eller som fylgjer av lov.

Kommunedirektøren og leiarane er heradet si strategiske leiargruppe og skal jobbe for å utvikle heradet i den retninga som heradsstyret vedtek.

Kommunedirektøren og hans stab har kompetanse innan mellom anna økonomi, personal, arkiv, informasjonsteknologi og digitalisering, kulturforvaltning, beredskap, planarbeid og samfunnsutvikling.

Thore Hopperstad
Kommunedirektør
Telefon 400 07 158
Til toppen