Høyring - Tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde

Klima- og miljøverndepartementet har sendt forslag til tiltaksplan for villrein på Hardangervidda på offentleg høyring. Høyringsfristen er 31. oktober.

Bakgrunnen for tiltaksplanarbeidet er kvalitetsnorma for villrein etter naturmangfaldlova § 13 fastsett ved kongeleg resolusjon i 2020 og den tilhøyrande klassifiseringa av dei nasjonale villreinområdane av 2022. Hardangervidda oppnådde ikkje kvalitetsmålet etter klassifiseringa. Tiltak for å betre tilstanden for villrein er difor påkravd.  

Tiltaksplanen skildrar ein rekke tiltak som staten, fylkeskommunane, kommunane, frivillige organisasjonar og lokale aktørar skal søkje å få gjennomført dei neste åra.  

For meir informasjon sjå: Høring - Forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein i Hardangervidda og Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområder - regjeringen.no