Endra mva for vatn og avlaup
For 2025 er det vedteke reduksjon av satsen for meirverdsavgift for tenester for vatn og avlaup frå og med 01.07.2025. Reduksjonen er frå 25% til 15%. Reduksjonen er med på faktura for juli for dei som mottek faktura månadsvis og med for juli og august for dei som mottek faktura tertialvis.
Endra pris kloakkavgift
Ved prisoppdatering for 2025 vart ved ein feil berre fastleddet for avlaupsnettet oppjustert. Prisauken på 31,3% skulle også omfatta variabelt forbruk. Feilen er no avdekka og er korrigert på faktura for juli, evt. på faktura for august-september for dei som mottek faktura tertialvis.
Me beklagar ulempa dette medfører og at dette ikkje har vorte oppdaga tidlegare.