Høyring - Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda

Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda er no på høyring. Høyringsfristen er 15. oktober.

Målet med planen er å betre villreinens mogelegheit til å nytte og å trekke mellom dei ulike funksjonsområdane (sommar-, vinter- og kalvingsområde) på Hardangervidda. Den regionale temaplanen skal føreslå tiltak som kan redusere negative effektar av menneskeleg ferdsel på villreinens arealbruk og trekkmogelegheiter. Innanfor rammene av kva som er forsvarleg av omsyn til villrein, kan det leggjast til rette for reiseliv og friluftsliv.

Sjå Buskerud fylkeskommune sin nettside Høring av Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda - Buskerud fylkeskommune for meir informasjon.