Nye opningstider på Tenestetorget

Frå 1. juli får Tenestetorget nye opningstider. Opningstida blir måndag til torsdag klokka 10–14, og det vil vere stengt på fredagar. Dette gjeld både for oppmøte og telefon.

Snart sommarferie. Info frå legekontoret

Hugs å sjekka at du har gyldige reseptar til over ferien.Vanlege kontrollar, førarkortattestar o.l. må gjerast før 25. juni, eller vente til etter 15. august.

No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.Søknadsfristen er 1. september 2026.

Last ned Friskus kommune - appen

Hugs å lasta ned Friskus kommune-appen. Med appen på mobilen får du viktig informasjon og varslingar frå Ulvik herad, rett i lomma!