Korleis søkjer eg?

For å hjelpa søkjarar med å få levert inn ein komplett søknad til byggjesak har heradet utarbeidd ei sjekkliste for kva som må sjekkast og kva som må vera med i ein søknad. 

Sjekklista kan brukast i alle typer byggjesøknadar, både av profesjonelle og av private, og er meint som hjelp i søknadsprosessen

 

 Sjekklista (PDF, 406 kB) (PDF, 184 kB) 

  1. Skriv ut situasjonsplan og teikn byggetiltaket inn på dette kartet. Hugs å setja mål på tiltaket, samt avstand til grense og bygg i nærleiken.
  2. Send ut nabovarsel 
  3. Når fristen på to veker for eventuelle nabomerknader har gått ut, kan du sende saka til kommunen:
  4. Søknadsskjema
  5. Gjenpart av nabovarsel
  6. Eventuelle nabomerknader med dine kommentarar
  7. Eventuelt søknad om dispensasjon.
  8. Situasjonsplan i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak), altså tiltaket ditt innteikna på kart med eventuell reguleringsplan
  9. Teikningar av tiltaket, med plan, snitt og fasade i 1:100.
Til toppen