Kva meiner du Ulvik herad skal satsa på i framtida? 

Ulvik herad startar opp arbeidet med ny samfunnsdel til kommuneplanen –den overordna planen for utviklinga av Ulvik-samfunnet fram mot 2035. Planen løfter fram satsingsområde, mål og strategiar for samfunnsutviklinga. 

 

I denne prosessen treng me hjelp frå deg! Du har lokalkunnskapen og kjenner kvar «skoa trykkjer», og kanskje har du forslag til løysingar/forbetring også? 

  

Planprogrammet er no på høyring!

Planprogrammet skildrar:

  • korleis Ulvik herad skal utarbeida ny samfunnsdel,
  • sju sentrale tema i arbeidet med samfunnsdelen:

Desse temaa skal vera grunnlag for medverknad og samspel med innbyggjarane og politisk debatt om satsingsområda i kommunen. 

Les heile planprogrammet og saksframlegget her

Les gjeldande kommuneplan samfunnsdel her

Send inn innspel! - innan 2. juli 2023

Medverknad er den viktigaste faktoren for å lukkast med ny samfunnsdel til kommuneplanen, så me ser fram til ditt bidrag i prosessen. 

Me ynskjer innspel til utviklingsområde, forslag til korleis planarbeidet skal gjennomførast og kven som bør involverast i arbeidet.

Svar på spørsmål her og bli med i trekninga av eit gåvekort (kr 500) til Den Grøne Kafé. Trekninga skjer fyrste veka i juli.

Eller send innspel til: 

Merk innspela med «Kommuneplan samfunnsdel».

Me gjer merksam på at me ikkje svarer på innspel, men innspela vil bli teke med i det vidare arbeidet. 

Til toppen