Kommuneplan samfunnsdel 2024-2035
Kommuneplanen er Ulvik herad sitt overordna strategiske styringsdokument. Den fastset den langsiktige utviklinga i Ulvik, og angår difor alle som bur, jobbar og lever i kommunen.
Kort fortalt om kommuneplan
- Kommuneplanen består av to delar: ein samfunnsdel og ein arealdel.
- Samfunnsdelen inneheld langsiktige utfordringar, mål og strategiar for utviklinga av Ulvika-samfunnet, og dessutan tenestene og oppgåvene i kommunen.
- Samfunnsdelen inneheld også ein langsiktig strategi for arealbruk i kommunen - ein arealstrategi.
- Minst ein gong i løpet av kvar valperiode skal heradsstyret vurdera om det er nødvendig å gjera endringar i planen med bakgrunn i eigne behov og nasjonale eller viktige regionale retningsliner.
Arbeid på ny samfunnsdel til kommuneplanen pågår
Foto: Alexander Grey, Pexels
Les planprogram og høyringsinnspel her
Tidslinje
(Justert med bakgrunn i formannskapsmøte 30.08)
- Planprogram på høyring + medverknad (mai-sep)
- Planprogram vert vedteke (13. des)
- Arbeid med planframlegg - 2 verkstadar i heradsstyret (jan-feb eller etter avtale med ny ordførar)
- Ev. vidarearbeid med planframlegg i formannskapet
- Planframlegg på høyring + medverknad
- Vedtak i heradsstyret (haust)
Publisert 29.08.2023 15.37
Sist endra 22.09.2023 09.32