Sjekkliste for eigenberedskap

Under finn du døme på ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugs at det er fint mogleg å samarbeide med familie, vennar og naboar om eigenberedskap.

Informasjonspunkt i Ulvik herad

Me har etablert fire informasjonspunkt i Ulvik herad Kva er eit informasjonspunkt? Eit informasjonspunkt er ein stad der kommunen kan gje informasjon til innbyggjarane når mobilnettet eller internett ikkje fungerer.  Kva kan du få hjelp til?få oppdatert informasjon om situasjonen lokaltfå informasjon om kommunen sine tenester og andre forhold som vedkjem innbyggjarane få hjelp til å formidla viktige meldingar vidare til naudetatane  Viktig å vita! Informasjonspunktet erstattar ikkje eigenberedskap. Alle som kan, bør vera førebudde på å klara seg sjølve i éi veke. Då kan kommunen og naudetatane prioritera dei som treng mest hjelp. 

Kunngjering om oppstart av planarbeid

Detaljregulering for Smedvika fritidsbustader, Ulvik heradPlan-ID 2026003 • Gnr. 79 bnr. 4 • Vallavikvegen 1122 På vegne av eigar av gnr. 79, bnr.4 varslar Norconsult Norge AS oppstart av arbeid med detaljregulering for Smedvika fritidsbustader, jf. plan- og bygningslova § 12-8. Samtidig vert framlegg til planprogram sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn etter § 12-9, jf. § 4-1.

Folkebadet er stengd

Folkebadet er diverre stengd for tida, då det manglar badevakter. Ta kontakt viss du er interessert i stillinga. Arbeidstid:Måndag: kl 17:30.20:30Fredag:  kl 17:30-20:30Løn: Kr 1000 per kveldsvakt Stad: Symjehallen på Brakenes barne- og ungdomsskule.

Vaksinering i veke 47

Ulvik legekontoret tilbyr massevaksinasjon for dei over 65 årog risikogrupper i veke 47. Fordelt på fødselsmånad slik: Personar fødd januar - april:  17. november kl 13-17 Personar fødd mai - august:  18. november kl 13-17 Personar fødd sept.- des:       19. november kl 13-17 

Ledig stilling som rektor

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektorHar du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap?Då kan du vere den nye rektoren vår!Skulen har om lag 125 elevar frå 1.–10. trinn.Me ønskjer å vere ein skule der alle elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle, meistring og læringsglede.Søknadsfrist: 02.12.2026

Ledig stilling som fagansvarleg PPT

Ulvik herad søkjer ein fagleg engasjert medarbeidar med master i spesialpedagogikk til ei spennande stilling som fagansvarleg i PPT.Søknadsfrist: 02.12.2026

Ledig stilling som lærar

Vikariat frå snarast til 31. juli 2027100 % vikariat – lærar / spesialpedagogHar du eit engasjement for læring, inkludering og gode relasjonar? Brenn du for å skape eit trygt og godt læringsmiljø der alle elevar opplever meistring og tilhøyrsle? Då kan du vere den me ser etter!Søknadsfrist: 01.12.2026

Peparkakebygda 2026 - bli med!

Tema i år er: “Lita bygd, store draumar”Frist for påmelding 25. november

Partering av lam i barnehagen

Måndag 5 oktober var det tradisjonen tru klart for å få årets slakt til barnehagen.