Detaljregulering for Smedvika fritidsbustader, Ulvik herad
Plan-ID 2026003 • Gnr. 79 bnr. 4 • Vallavikvegen 1122
På vegne av eigar av gnr. 79, bnr.4 varslar Norconsult Norge AS oppstart av arbeid med detaljregulering for Smedvika fritidsbustader, jf. plan- og bygningslova § 12-8. Samtidig vert framlegg til planprogram sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn etter § 12-9, jf. § 4-1.
Kva gjeld planen?
Føremålet er å endre mindre delar av eit eksisterande næringsareal til fritidsbustader. Førebels konsept omfattar inntil fem fritidsbustader, eit mindre fellesbygg, intern tilkomst, parkering, uteopphaldsareal, renovasjon og tekniske løysingar. Planen skal òg avklare forholdet til attverande næringsverksemd, strandsona, båtopptrekket og eventuelle mindre sjørelaterte fellesanlegg.

Planområde og konsekvensutgreiing
Planområdet tek utgangspunkt i gnr. 79 bnr. 4 i Smedvika og er førebels om lag 7 dekar. Avgrensinga går fram av varslingskartet. Området er i dag regulert til næring/rigg/deponi gjennom reguleringsplan for Hardangerbrua. Sidan fritidsbustadføremålet ikkje er i samsvar med gjeldande overordna plan, skal det utarbeidast planprogram og konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §§ 4-1 og 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiingar § 6 bokstav b, jf. vedlegg I punkt 25.

Slik sender du innspel
Merknader og innspel skal sendast skriftleg til Norconsult Norge AS, att. Vidar Østerbø, på e-post vidar.osterbo@norconsult.com eller til Norconsult Norge AS, Sandvenvegen 43, 5600 Norheimsund. Merk innspelet «Smedvika fritidsbustader – plan-ID 2026003». Framlegg til planprogram, varslingskart og øvrige dokument finn du på Ulvik herad sine heimesider. Spørsmål kan rettast til Vidar Østerbø, Norconsult Norge AS, e-post vidar.osterbo@norconsult.com.
Frist for å senda merknader er sett til 22. desember 2026.
Planprogram Smedvika (PDF, 2 MB)
Smedviki ideskisser (PDF, 12 MB)