Me har eit godt samarbeid med Kàdn og Alde ved Jorid Lekve Eide og Frode Halvorsen.
Dei kom med årets lam og det vart som vanleg hengt på krok i avdeling Kvasshovden.
Frode parterar med stødig hand. Frode og Jorid forklarar og svarar på spørsmål undervegs. Borna for gå til og frå som dei ynskjer og dei stiller mange spørsmål.
Pinnekjøtet vart teke med tilbake for røyking og me får det att når det er ferdigt.
Dette året er det Slow Food Hardanger som betalar for kjøtet vårt. Ganske enkelt fordi dei tykkjer dette er eit godt tiltak.
Barnehagen seier TUSEN TAKK for dette. Me har mange gode tradisjonsmiddagar å sjå fram til utover vinteren og våren.
Berre so det er sagt; Alt me har servert av tradisjonsmat av lam har borna ete med god appetitt .