Bod/uthus/drivhus

Følgjande kan du gjere utan søknad

  • Uthus og boder opp til 50 m2 bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA), og som har maks mønehøgd 4,0 meter og gesimshøgd 3,0 meter (til ferdig planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen) kan vere unntatt søknad. For nærmare detaljer syner vi til byggesaksforskrifta (SAK 10) § 4-1, og spesielt til Direktoratet sine sin informasjon om garasjer, boder og uthus og deira interaktive veileder.

    Sjølv om du ikkje må søke kommunen, er du likevel ansvarleg for at bygningen utformast i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad.

 

Følgjande kan du søkje om sjølv

Dersom du kan sei ja til alle disse punkta, så kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkje kommunen sjølv, jf. byggesaksforskrifta § 3-1:

  • Éin enkelt frittliggjande bygning
  • Eigendommen er bebygd frå før
  • Bygningen skal ikkje nyttast til varig opphald
  • Bygningen er i éin etasje, eventuelt også underbygd med kjellar
  • Bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 m2

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

 

Følgjande krev kvalifisert føretak

Må du sei nei på nokon av punkta ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

 

Arealplan – kva for vilkår gjeld på min eigedom?

Det vil ofte vere reglar i kommune- eller reguleringsplan for kva du kan bygge. Dette vil typisk vere byggegrenser, føresegn om storleik, høgd, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse reglane før du går i gang med planlegginga.

Du finn reguleringskart og føresegner via planarkivet eller ved å ta kontakt med byggesak. Dersom du skal bygge utover det arealplanane seier, må du søkje om dispensasjon.

 

Plassering av bygningen

Frittliggjande bod/uthus under 50 m2 i éin etasje vert normalt godkjent inntil 1 meter frå nabogrensa, så framt reguleringsplan eller byggegrensar mot kommunale ledningar, veg, jernbane eller høgspent ikkje seier noko anna.

Til toppen