Garasje

Garasjer opp til 50 m2 bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA), og som har maks mønehøgd 4,0 meter og gesimshøgd 3,0 meter (til ferdig planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen) kan vere unntatt søknad.

 

For nærmare detaljer syner vi til byggesaksforskrifta (SAK 10) § 4-1, og spesielt til Direktoratet sine sin informasjon om garasjer, boder og uthus og deira interaktive veileder.
Sjølv om du ikkje må søke kommunen, er du likevel ansvarleg for at bygningen utformast i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad.

Følgjande kan du søkje om sjølv:

Dersom du kan sei ja til alle disse punkta, så kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkje kommunen sjølv, jf. byggesaksforskrifta § 3-1:

  • Éin enkelt frittliggjande bygning
  • Eigendommen er bebygd frå før
  • Garasjen skal ikkje nyttast til varig opphald
  • Garasjen er i éin etasje, eventuelt også underbygd med kjellar
  • Bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 m2
  • Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Følgjande krev kvalifisert føretak:

Må du sei nei på nokon av punkta ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Generelt om utforming av garasjar:

Ved bygging av garasje på bustadeigedom må utforminga harmonere med bustadhuset. Det bør brukast same kledning, taktekking, beslag m.m., og takvinkelen bør ikkje vere brattare enn på bustadhuset. Det er også nokon branntekniske krav til garasjar når dei er større enn 50 m2 og plasserast med liten avstand til  andre bygg.

Arealplan – kva for vilkår gjeld på min eigedom?

Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggja. Dette vil typisk vere byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgd, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga.
Du får reguleringskart og føresegner via planarkivet eller ved å ta kontakt med byggesak.
Dersom du skal byggja utover det arealplanane seier, må du søkja om dispensasjon.


Plassering av garasjen:

Frittliggjande garasje under 50 m2 i éin etasje vert normalt godkjent inntil 1 meter frå nabogrensa, så framt reguleringsplan eller byggegrenser mot kommunale leidningar, veg, jernbane eller høgspent ikkje seier noko anna.
Garasjar over 50 m2 eller garasjar samanbygd med bustad skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Kommunen kan godkjenne nærare plassering enn 4 meter dersom det ligg føre nabosamtykke for plasseringa, eller ved dispensasjon, jf. plan- og bygningsloven § 29-4.

Til toppen