Dei største næringane i Ulvik er landbruk og reiseliv, men ein finn også mange småbedrifter innan handel, handverk, og servicenæringar.
Heradet har som mål å utvikla eit godt lokalsamfunn for innbyggarar og næringsliv, og har ei viktig rolle som samfunnsutviklar.
Ulvik har lågare arbeidsgjevaravgift og fleire andre fordelar for næringslivet.
Strategisk nærings- og utviklingsplan inneheld tiltak ein ynskjer å ha fokus på fram til 2024, og er førande for prioriteringane i lokalt næringsfond.
Strategisk nærings- og utviklingsplan (SNU) 2019-2024 (PDF, 6 MB)
Ulvik herad ynskjer å:
- Bidra til etablering av næringsliv.
- Bidra til styrking av eksisterande næringsliv.
- Utvikla samarbeidsprosjekt landbruk – reiseliv, og næring elles.
- Stimulera til aktiv bruk og vedlikehald av kulturlandskapet.
- Bidra til å vidareutvikla samarbeidet med Ulvik Næringslag, og næringssamarbeidet i regionen elles.