Lånekort og utlånsreglar

Alle er velkomne i biblioteket. Du kan lese bøker, aviser, tidsskrift, bruke PC, arbeide med studier og lekser – eller rett og slett og slå av ein hyggeleg prat med biblioteksjefen eller andre gjestar. Dersom du vil låne med deg noko heim, eller laste ned e-bøker heimefrå, må du ha lånekort.

Alle som bur i landet kan få lånekort på biblioteket. Med lånekort på biblioteket kan du låne bøker, tidsskrift, filmar og andre medium. Er du over 16. år kan du låne bøker på fjernlån.

Det er gratis å låne og bruke biblioteket, men du må betale for utskrifter og kopiering. Lokalt lånekort gjeld ved ditt lokale bibliotek. Nasjonalt lånekort gjeld i heile landet. Med nasjonalt lånekort får du og tilgang til Filmbib og bokbites. 

Utlånsreglar

  • Lånetid bøker/lydbøker: 4 veker (maks 4 fornyingar dersom ikkje venteliste)

  • Lånetid DVD/tidsskrift: 1 veke. Maks 1 veke fornying

  • Hentefrist på fjernlån frå andre bibliotek: 1 veke

  • Utlånstid på fjernlån: 3 veker

  • Hentefrist på reservert materiale: 1 veke

Bøker, lydbøker og anna materiale biblioteket ikkje har sjølv kan skaffast frå oss, og vi kan reservere bøker som er utlånt. Alle lån på biblioteket er gratis. Tapt materiale skal erstattast etter biblioteket sine satsar. Ein må ikkje låne vidare bøker ein har lånt på biblioteket. Lånekortet er personleg, og born under 15 år må ha signatur frå erstatningspliktig formyndar.

Til toppen