Ulvik folkebibliotek

Bilde av Ulvik folkebibliotek - Klikk for stort bilete

Ulvik folkebibliotek tilbyr eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur for born, ungdom og vaksne. Vi har aviser, tilbyr ulike medium som lydbøker, tidsskrift, teikneseriar, aviser, film med meir. 

 

Det er tilgang til Wi-Fi på biblioteket. Vi har også ein del digitale ressursar du kan nytte i biblioteklokala og/eller heimefrå.

 

 

 

Opningstider bibliotek 

Måndag16 – 19
Tysdag11 – 17
Onsdag11 – 17
Torsdag16 – 19

Ulvik folkebibliotek
Maritastykket 3
5730 Ulvik

Tlf: 400 07 157

ivar.b.larssen@ulvik.kommune.no

Følg oss på Facebook
www.ulvikbibliotek.no

Samtale på biblioteket med Kristin Sampson

Kva kan vi å læra av Platon og dei gamle grekarane i dag? Onsdag 19. november kl. 19 kjem professor Kristin Sampson til Ulvik folkebibliotek for å samtala om Platon og dei gamle grekarane. Sampson er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen. Ho skreiv doktoravhandlinga si om Platon, med fokus på forholdet mellom det poetiske og det filosofiske og har arbeida med gresk tenking før Platon, heilt tilbake til Homer og Hesiod, i tillegg feministisk- og samtidsfilosofi.Arrangementet er støtta Vestland fylkeskommune, og har gratis inngang.

Laurdagsope på biblioteket

I haust er biblioteket ope annakvar laurdag frå kl 10 - 14. Du finn mange fine bokopplevingar for leseløver i alderen 1 - 12 år, og me har eigen lesekrok for born. Biblioteket er ope desse laurdagane fram til jol:4. og 18. oktober1., 15. og 29. november13. desember

Foredrag om utvandringa til Amerika

I 2025 er det 200 års jubileum sidan starten på utvandringa til Amerika.Onsdag 1. oktober kl. 19 kjem forfattar Svein Inderlid til biblioteket for å formidle utvandrarhistoria basert på boka Utvandrerne, En norsk familiesaga i Amerika.