Me søkjer deg som mellom anna:
- Har ei genuin interessa for å arbeide med born og bidra til deira utvikling, leik, læring og trivnad.
- Er ansvarsbevisst.
- Er fleksibel og kan tilpassa deg endringar og uforutsette situasjonar i laupet av dagen.
- Har gode samarbeidsevner.
- Kan kommunisera godt med borna, personalet og føresette.
- Har empati og evna til å setja seg inn i bornas kjennsler og behov.
- Kan skapa tillit og relasjonar.
- Likar å vera ute i all slags vær og bidra til leik og aktivitet ute.
- Likar å vera på golvet inne og bidra til leik og aktivitet inne.
- Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Hjarteleg velkomen som søkjar
Søk elektronisk her
Merk med saksnr. 25/977
Ulvik barnehage har fire avdelingar. To avdelingar med born frå 1 – 3 år, og to avdelingar med born frå 3 – 6 år. Det er kring 45 barn i år.
Me er i år 16 tilsette, nokre arbeidar deltid
Barnehagen ligg på Lekve, om lag to km frå sentrum.
Me ligg midt i «smørauga» med lett tilgang til varierte naturopplevingar, gardsbesøk som omfattar både dyrehald og fruktproduksjon, Holmen idrettsarena og Holmen kulturpark. Me har eit godt samarbeid med Haugesenteret i sentrum samt Brakanes skule.
Fokusområde vårt er: Leik, Kropp, rørsle, mat og helse samt Kunst, kultur og kreativitet.
Hovudmålet vårt er: Barnehagen ein plass der alle trivast!
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt
Sonja Haugland
Styrar i Ulvik barnehage. Tlf 40007140