Ledige stillingar som fritidskontakt

Hovudmålet med fritidskontakten er å gje den einskilde brukar hjelp til å nytta fritida si på ein positiv og meiningsfull måte.

Avhengig av brukaren sine behov, ynskje og interesser kan fritidskontakten nyttast til individuelt samvær eller som ein brubyggjar til fritidsaktivitetar eller andre menneske.

 Å vera fritidskontakt inneber å vera eit trygt medmenneske som bidreg til meiningsfull fritid.

Ta kontakt med fysioterapeut Stine Øvsthus tlf. 40007192 dersom du er interessert. Eller send inn søknad her.  

Send open søknad her 

  • For å bli fritidskontakt må du som hovudregel ha fylt 18 år, men me tek imot søknader også ifrå 16 år. Du må vera påliteleg og trygg på deg sjølv. Det er ynskjeleg at du tar på deg arbeidet over tid. Det er ikkje krav om fagbakgrunn. Du får tilbod om opplæring før start og undervegs.

     

  • Fritidskontakten må skriva under på skjema for teieplikt. Teieplikta inneber m.a. at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege tilhøve kring den du er fritidskontakt / treningskontakt for. Det er òg eit krav om politiattest for fritidskontakt som utfører oppdrag for mindreårige eller utviklingshemma personar (jfr. Lov om barnevernstenester § 6–10, siste ledd og Lov om kommunale tjenester for helse § 5-4). Søkjar har sjølv ansvar for å innhenta politiattest etter at oppdragsavtale er signert.

     

  • Ein får godgjersle med eit kronebeløp per time, i tillegg til utgiftsrefusjon og evt køyregodtgjersle i samsvar med retningslinene i Ulvik herad.

     

  • Som fritidskontakt i Ulvik herad er ein oppdragstakar og ein har difor ikkje rett på feriepengar eller sjukepengar. Fritidskontakten er ikkje knytt opp mot ordning om tenestepensjon, men opptent godtgjersle blir meldt inn til Folketrygda.

     

  • Det kan ta tid frå du leverer søknaden til du får tildelt ein å væra fritidskontakt- eller treningskontakt for. Dette for å sikra rett person til rett brukar. Det er difor utlyst som ein open søknad til kommunen.

     

  • Om me får oppdrag ifrå ein brukar som me ser passer vil du bli kalla inn til ein samtale ut ifrå kontaktopplysningane dine i søknaden.

     

  • Me handsamar opplysningane dine konfidensielt

Til toppen