Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Faglærar
- Særskild norskopplæring
- Individiduelt tilrettelagd opplæring
- Vikartimar v/behov
Kvalifikasjonar:
Me lyser etter undervisningspersonale som har grunnskulelærarutdanning eller anna faglærarutdanning.
Aktuelle fag/praksis: Norsk, matematikk, kunst og handverk, mat og helse, tysk, fransk, musikk og særskild norskopplæring.
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert.
- God til å samhandla og bygga relasjonar med elevar og kollegar.
- Ein trygg og tydeleg klasseleiar.
Løn og arbeidstid følgjer sentrale avtaler.
Søknad på lærarstilling - Ulvik kommune
Merk søknaden med saksnummer: 25/279
Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor
Anne Hjelmevoll
Mail: anne.hjelmevoll@ulvik.kommune.no
Mobil: 40007172
Brakanes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 143 elevar. Skulen sin visjon er Kunnskap, Glød og Glede. Skulen legg vekt på læringsleiing og arbeider for å få eit læringsmiljø fritt for mobbing og krenkingar. Alle elevar har iPad/PC, og skulen har ei langsiktig satsing på bruk av digitale verktøy, positivt læringsmiljø og inkluderande skulemiljø.