Ledig mellombels stilling som miljøarbeidar

Ulvik herad skal tilsette miljøarbeidar til familie i privat heim som kan bidra på kveldstid i samband med kveldsstell og legging.  

Søknadsfrist:  26. september 2025

Familien opplev utfordringar relatert til åtferd, noko som fører til vanskar med å etablera gode og stabile leggerutinar.  

Tiltaket er eit avlastningstiltak med heimel i helse og omsorgstenetestelova. Som miljøarbeidar blir du tilsett i Ulvik herad. Ein ser føre seg eit omfang på 3-4 timar kveldstid, fleire dagar i veka. Stillingsstorleik kan bli drøfta ved tilsetjing frå 30-50% stilling. Det kan bli aktuelt med fast tilsetjing dersom ordninga fungerer bra.

Tilsett vil få støtte og rettleiing frå SPIRA – Ulvik herad si barne og familieeining. Ved tilsetting er det eit krav om gyldig politiattest.   

 Arbeidsoppgåver  
Vera til stades og hjelpa familien på kveldstid. Kva slags hjelp det er tale om kan variera, men hovudmålet er at legging vert meir føreseieleg og strukturert ved hjelp av gode rutinar.   

Døme på arbeidsoppgåver:  

  • Bidra til å etablera gode og stabile rutinar rundt kveldsstell og legging  
  • Ved rett kompetanse kan det vera aktuelt at tilsett kan få ein rettleiingsfunksjon inn mot familien  

 Mål  

  • Skapa gode rutinar og varige positive endringar  
  • Struktur, grensesetting og regulering  

Me søker deg som  

  • Er ansvarsbevisst, fleksibel og personleg eigna  
  • Er stødig, roleg og trygg på deg sjølv  
  • Kan rettleia og vera ein god rollemodell  
  • Har gode samarbeidsevner  

   Ynskja kvalifikasjonar  

  • Utdanning/fagbrev innan området barn og ungdom, men ved rett kompetanse/erfaring kan andre søkarar vurderast  
  • Erfaring frå arbeid med born og unge, gjerne med spesielle utfordringar  
  • Personleg eignaheit vert særleg vektlagd  
  • Førarkort klasse B er ynskjeleg, men ikkje eit absolutt krav

 Kontaktpersonar for stillinga
Ved spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med Tildelingskontoret:
Telefon 400 07 191 eller  418 66 961
E-post: tildeling@ulvik.kommune.no

Søk elektronisk her 
Merk med saksnr. 25/872