Ledig fast 100% stilling som reinhaldar

Samfunn og plan har ledig ein fast 100 % stilling som reinhaldar i heradet. Oppstart snarast, eller etter nærare avtale.

 

Søknadsfrist: 20. juli 2025
Merk søknad med saksnr. 25/393

Om stillinga

Stillinga er ein 100 % stilling, der dei daglege oppgåvene vert styrt av leiande reinhaldar. Det meste av arbeidet ordinære reinhaldsoppgåver på skule, omsorgstun, barnehage og andre kommunale bygg. I utgangspunktet er alt reinhald på dagtid, men ein må ta høgde for ein viss fleksibilitet ved særskilte høve. Oppmøteplass er på Brakanes skule eller ved andre kommunale bygg etter avtale.

 Oppgåver

  • Dagleg reinhald
  • Hovudreingjering (rundvask, golvpleie etc.) etter avtale/plan
  • Vask av vindauge etter oppsett plan
  • Golvpleie
  • Reinhald og lett vedlikehald av rengjeringsmaskiner
  • Andre oppgåver ved behov

Ynskja kvalifikasjonar

  • Du har fagbrev som reinhaldar. Relevant erfaring osv kan kompensera for manglandeformell utdanning.
  • Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Førarkort klasse B.

 

Eigenskapar

  •  Har god kommunikasjons og samarbeidsevner 
  •  Er oppteken av kvalitet og fagutvikling 
  •  Evner å jobba strukturert og systematisk 
  • Er løysningsorientert, meistrar uføre sette hendingar 
  • Har evne til å strukturera og koordinera arbeidet i ein hektisk kvardag 
  • Lika å omgå ulike aldersgrupper 

Me kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Arbeid i ei verksemd i utvikling, og moglegheit til å vera med å påverka 
  • Løn etter gjeldande avtalar og tariff
  • Ein jobb i verdast vakraste bygd                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                 

Om arbeidsgjevar
Samfunn og plan i Ulvik herad har ansvar for reinhald av kommunale bygg. Reinhald har ein eigen leiande reinhaldar som tar seg av dei praktiske utfordringane og organiseringa i det daglege. Personalansvar ligg til kommunalsjef. Samfunn og plan har om lag 20 tilsette fordelt på reinhald, utedrift og merkantile stillingar. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

 Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne .

Meir informasjon finn du på Ulvik herad og VisitUlvik

Søknadsfrist: 20. juli 2025
Merk søknaden med saksnr. 25/393

Kontaktpersonar:

Trygve Vik                                                                          Camilla Hole
Kommunalsjef Samfunn og plan                                   Leiande reinhaldar
Tlf. 40007186                                                                   Tlf: 40007175
trygve.vik@ulvik.kommune.no                                 camilla.hole@ulvik.kommune.no

ledig stilling teknisk - Klikk for stort bilete