No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.Søknadsfristen er 1. september 2026.

Last ned Friskus kommune - appen

Hugs å lasta ned Friskus kommune-appen. Med appen på mobilen får du viktig informasjon og varslingar frå Ulvik herad, rett i lomma!