Ynskjer du å vera avlastar?

Ynskjer du eit meiningsfult oppdrag der du bidrar til god livskvalitet for andre? Då kan privat avlastar vere noko for deg.

Ulvik herad v/avdeling for helse og velferd søker etter trygge og engasjerte avlastarar til born og unge. Behova er varierte, og avlastinga kan gå føre seg alt frå nokre timar til døgn, vekedagar og helg.

Ordninga er på oppdrag, og er vedtaksbasert. Avlastning er ei teneste for familiar med særskilt tyngande omsorgsoppgåver. Mål med tenesta er å gi foreldre høve til fritid og eit avbrekk i omsorgsrolla. I tillegg er målet å gi barnet/ungdommen kjekke og gode opplevingar.

 

Arbeidsoppgåver:

Avlastning går føre seg i din heim i den perioden du har ansvaret for barnet/ungdommen. Som avlastar vil du bidra til å skape ein stabil og føreseieleg kvardag. Du vil komma tett på barnet og familien, difor er god kommunikasjon svært viktig.

Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt med kommunalsjef helse og velferd (tlf.40007136) for meir informasjon.

 

Kvalifikasjonar:

- Inga krav om formell utdanning, men personlege eigenskapar vert vektlagt

- Du må ha fylt 18 år

- Ved tilsetting må du framvise godkjent politiattest

 

Ønskelege personlege eigenskapar:

- Trygg på deg sjølv og evne til å setje grenser

- Omsorgsfull med god evne til å skapa tillit

- Ei oppriktig interesse og tid til arbeidet

- Lika å vere aktiv og kreativ – klare å motivera og delta i varierte aktivitetar saman med barnet/ungdommen

- Kjennskap til og kunnskap om brukargruppa er eit føremon

 

Kompensasjon etter KS sine satsar

 

Send elektronisk søknad her   Merk søknaden med saksnummer 24/370

Til toppen