Vil du vere badevakt på familiebading ein søndag eller to i månaden?
Ulvik herad vil starte opp igjen familiebading mellom kl 12 og 16 på søndagar frå 19. oktober.
Vi treng badevakter som har, eller vil ta, livredningskurs i basseng.
Det blir arrangert kurs i haust dersom det er behov.
Ta kontakt på e-post til mona.hellesnes@ulvik.kommune.no om du er interessert, eller ønskjer meir informasjon.
Publisert 11.09.2025 11.05
Sist endra 11.09.2025 11.06