Representant frå Ulvik i brukarpanelet ved Voss sjukehus

Brukarpanelet ved Voss sjukehus har eit ledig verv, og ynskjer representant frå Ulvik, Eidfjord eller Vaksdal. Interessert? Sjå her: 

Brukarpanelet ved Voss sjukehus - Helse Bergen HF

Målet med å etablera brukarpanelet var å få til ei meir systematisk brukarmedverknad for å utvikla og evaluera tenestene ved sjukehuset.

Det er eit ynskje om å ha ein breidde i panelet med representantar frå fleire kommunar. Panelet har per i dag medlemmer frå Voss og Kvam, men då eit av medlemmen måtte slutte ynskjer me å erstatte hen med ein representant frå enten Vaksdal, Ulvik eller Eidfjord kommune. Me vonar at de har høve til å hjelpa oss med denne rekrutteringa.

Me ynskjer ein person som har erfaring som pårørande eller pasient ved Voss sjukehus. Då hovudvekta av medlemmen er middelaldrande / elder er det ynskjeleg med ein i aldersgruppa unge vaksne / vaksne.