18. september går ryddedugnaden Rein Hardangerfjord av stabelen for fjerde året på rad. Målet er å få samle inn mest mogeleg plastboss frå naturmiljøet langs fjorden. Dei siste 3 åra har me fjerna nesten 50 tonn plast frå fjordmiljøet.
Container for ryddedugnaden er utplassert på parkeringsplassen i Holmen, og alle som ynskjer det, kan vere med å på dugnaden.
Ungdommar frå produksjonsskulen og frå Brakanes skule vil tradisjonen tru gjere ein stor innsats for nærmiljøet i dagane rundt denne aksjonen. Takk til alle som har deltatt tidlegare, og på forhand takk til alle som vil delta i år!
For meir informasjon sjå nettsida Rein Hardangerfjord — Framtidshavet.

Publisert 12.09.2025 09.32
Sist endra 12.09.2025 09.32