Nytt frå Biblioteket

Ulvik folkebibliotek er meir enn bokhyller og bøker. I tillegg til ulike arrangement, kan du nytta deg av eit rikhaldig utval av digitale tenester. 

SeniorUni

Nytt av året er at biblioteket har inngått avtale med SeniorUni om overføring av foredrag på biblioteket. Dette er eit tilbod der ein kan sjå dagsaktuelle foredrag frå dyktige fagpersonar på storskjerm, to gonger i månaden. 

Tilbodet rettar seg mot eit vaksent publikum, men du er velkomen sjølv om du ikkje er senior. Foredraga varar rundt ein time, og det vil bli mogleg å ta få ein kaffikopp og diskutera dagens tema i etterkant. 

Informasjon om oppstart, med tidspunkt for fyrste foredrag kjem snart.

Digitale tenester

Det øvrige digitale tilbodet frå biblioteket blir vidareført. Du har tilgang til e-bøker, film, historiske og fleirspråklege aviser og tidsskrift. Tilgang til digitale ressurser får du på biblioteket og heime ifrå, når du logger deg inn med din brukar. 

Kom innom biblioteket for rettleiing eller les meir på biblioteket sine sider på heimesida til Ulvik. 

Digitale tenester

 

Opningstider
 

Måndag og torsdag kl. 16 - 19
Tysdag og onsdag kl. 11 - 17


Forsøket med laurdagsope bibliotek er inntil vidare lagt på vent, men det er mogleg at tilbodet blir tatt opp att, i samband med oppgradering av barne og ungdomsavdelinga på biblioteket.

Bilde av Ulvik folkebibliotek - Klikk for stort bilete