Digitale tenester

Biblioteket tilbyr fleire digitale tenester. Du har tilgang på e-bøker, film, historiske og fleirspråklege aviser og tidsskrift. Du har tilgang til digitale ressurser på biblioteket og heime ifrå, når du logger deg inn med din brukar. 

BookBites

Gjennom BookBites får du tilgang på digitale bøker og lydbøker, som du kan lese og høyre på kor som helst. Du må berre laste ned appen og opprette brukar med ditt nasjonale lånenummer.

Filmoteket

Filmoteket er bibliotekets eigen strømmeteneste for film og serier. Her kan du logge inn med ditt nasjonale lånenummer og sjå opp til fire filmer i månaden. 

Filmbib

På Filmbib kan du strømme norsk kort- og dokumnetarfilm, ved å bruke nasjonalt lånekort. 
 

Flipp

På biblioteket får du tilgang til Flipp, som er ein app der du kan lese 90 ukeblader og magasiner frå Norge, Danmark og Sverige. Her finn du alt frå Donald, til Vi menn, Bonytt og Hjemmet.

Pressreader

Gjennom Pressreader kan du lese aviser og tidsskrift frå heile verda. Du får tilgång til appen på biblioteket. 



 

Til toppen