Ledig vikariat - 100% Pedagogisk leiar/barnehagelærar

Ulvik barnehage søkjer etter vikariat i 100% Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Søknadsfrist: 29.09.2025

Tilsetjing: Så snart råd er, og til 01.04.2026 med mogelegheit til forlenging av vikariatet.

Ulvik barnehage har fire avdelingar. To avdelingar med born frå 1 – 3 år, og to avdelingar med born frå 3 – 6 år. Det er kring 45 barn i år.

Me er i år 16 tilsette, nokre arbeidar deltid

Barnehagen ligg på Lekve, om lag to km frå sentrum.

Me ligg midt i «smørauga» med lett tilgang til varierte naturopplevingar, gardsbesøk som omfattar både dyrehald og fruktproduksjon, Holmen idrettsarena og Holmen kulturpark. Me har eit godt samarbeid med Haugesenteret i sentrum samt Brakanes skule.

Fokusområde vårt er: Leik, Kropp, rørsle, mat og helse samt Kunst, kultur og kreativitet.

Hovudmålet vårt er: Barnehagen ein plass der alle trivast!

Me søkjer deg som mellom anna:

-           Har ei genuin interessa for å arbeide med born og bidra til deira utvikling, leik, læring og trivnad.

-          Er ansvarsbevisst.

-          Er fleksibel og kan tilpassa deg endringar og uforutsette situasjonar i laupet av dagen.

-          Har gode samarbeidsevner.

-          Kan kommunisera godt med borna, personalet og føresette.

-          Har empati og evna til å setja seg inn i bornas kjennsler og behov.

-          Kan skapa tillit og relasjonar.

-          Likar å vera ute i all slags vær og bidra til leik og aktivitet ute.

-          Likar å vera på golvet inne og bidra til leik og aktivitet inne.

-          Personlege eigenskapar vert vektlagd.

 

Hjarteleg velkomen som søkjar

 Søk elektronisk her.

Merk med saksnummer: 25/1122

Har du spørsmål så ta gjerne kontakt

Sonja Haugland

Styrar i Ulvik barnehage. Tlf 40007140