Vil du vere med og styrkje oppveksten til barn og unge i Ulvik?
Ulvik herad søkjer ein fagleg engasjert og relasjonssterk PPT-rådgivar i 40 % mellombels. Stillinga høyrer til i Spira barn- og familieeining, og du vil vere ein viktig del av det tverrfaglege laget rundt barn og unge i heradet.
Me ser etter deg som har erfaring og kompetanse innan åtferdsutfordringar, psykisk helse, og som kan rettleie føresette og lærarar – med særleg fokus på klasseleiing og tilrettelegging for elevar med ADHD og andre behov.
Om Ulvik som arbeidsplass
Ulvik er eit lite og levande herad i Hardanger – omgjeve av majestetiske fjell, frodig natur og med fjorden som næraste nabo. Her finn du ein unik kombinasjon av nærleik, ro og fagleg mangfald. Ulvik er kjent for sterke kulturtradisjonar, eit varmt lokalsamfunn og tett samarbeid mellom tenestene.
Som tilsett i Ulvik herad får du:
- Nærleik til dei du jobbar med – både kollegaer og innbyggjarar
- Raskt ansvar og høve til å påverke
- Kort veg frå idé til handling
- Eit godt tverrfagleg miljø i Spira barn- og familieeining
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode
Heradet har ambisjonar om å vere ein trygg, innovativ og utviklingsretta arbeidsplass – med mennesket i sentrum.
Arbeidsoppgåver:
- Rettleiing og støtte til føresette, lærarar og tilsette i barnehage og skule
- Kartlegging og oppfølging av barn og elevar med behov for spesialpedagogisk tilrettelegging
- Rettleie lærarar i klasseleiing og utvikling av inkluderande og ADHD-vennlege klasserom
- Delta i tverrfagleg samarbeid i og utanfor Spira barn- og familieeining
- Utarbeide sakkunnige vurderingar i tråd med opplæringslova
- Bidra til systemretta arbeid og kompetanseheving i barnehage og skule
Kvalifikasjonar ein må ha:
Høgare utdanning innan spesialpedagogikk eller psykologi (t.d. cand.ped., cand.psychol., master i spesialpedagogikk el. liknande)
I tillegg er det ønskeleg med følgande kvalifikasjonar:
- Erfaring med rettleiing av føresette og tilsette i oppvekstsektoren
- Kompetanse knytt til psykisk helse og åtferdsutfordringar hjå barn og unge
- God forståing for tverrfagleg arbeid og heilskapleg tenking
- Erfaring frå arbeid med klasseleiing og tilrettelegging for elevar med særskilde behov, særleg ADHD
Personlege eigenskapar:
- Trygg og tydeleg i rettleiarrolla
- God relasjonskompetanse
- Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
- Positiv, fleksibel og utviklingsorientert
Me tilbyr:
- Eit tverrfagleg og kompetent fagmiljø i Spira barn- og familieeining
- Variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit lite og oversiktleg herad
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare kompetanseheving
- Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknad på stilling elektronisk
Merk med saksnr. 25/363
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt Eyvind Eidhammer
Einingsleiar Spira
Mob. 40007189
e-post: eyvind.eidhammer@ulvik.kommune.no