Har du lyst å vere vertskap for Perla i Hardanger?

Ulvik herad søker ekstrahjelp i turistinformasjonen nokre dagar i veka frå 11. august. 

Søknadsfrist snarast, og seinast 3. august. 

Arbeidet vil i hovudsak vere å informere om tilboda i Ulvik og i regionen, svare på førespurnader på

e-post og telefon og elles førefallande arbeid. 

Du bør vere godt kjend i Ulvik, Hardanger og Voss, skrive godt både norsk og engelsk, og vere fleksibel. 

 

Arbeidstida er vanlegvis frå 9 - 17 på kvardagar. Det kan bli aktuelt med noko helgejobbing. 

 Søk elektronisk her.

Merk med Saksnummer: 24/479