Brannvernveka 2025 – nasjonal brannøving

Dei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav om brannøvingar. For å gjere det enklare å vere førebudd, har Brannvernforeningen utvikla eit gratis verktøy på www.brannovelse.no, der ein kan skreddarsy ei brannøving tilpassa eigen bustad og livssituasjon.

 

– Når det byrjar å brenne, tel kvart sekund. Difor er det utruleg viktig å ha øvd heime, slik at heile familien veit kva dei skal gjere for å kome seg raskt og trygt ut, seier varabrannsjef Geir Ove Pedersen.