Bålforbod frå 15. april

I Norge er det eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenna opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenna bål der det er opplagt at det ikkje kan starta ein brann. Dette kan til dømes vera viss det ligg snø på bakken, eller at det har vore nedbør i lang tid. Du kan òg grilla på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon og på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjende av kommunen. Sjekk alltid kva reglar som gjeld for kommunen din før du tenner bål.

Brannfaren er som regel størst på våren, før gras og grøn botnvegetasjon kjem opp.

– Dei aller fleste brannar i skog og utmark skuldast menneskeleg aktivitet, og då ofte aktløyse. Bålbrenning og grilling er dei vanlegaste årsakene.

Dette må du vite før du tenner bål | Sikkerhverdag

 

Pixabay
Til toppen