10 år som Cittaslow-bygd. Blir du med på jubileumsfesten?

Ulvik er ei bygd tufta på lokal kultur og historie, og i 2025 feirar me 10 år som medlem i den internasjonale rørsla Cittaslow. Som cittaslowbygd skal me vera oppteken av å betra innbyggarane si livskvalitet, auka fokus på matproduksjon og nyskaping, samstundes som me tek vare på naturen og miljøet rundt oss. 

 

Ulvik skal vera ein god stad å bu og ein god stad å besøkja. No og i framtida.

Cittaslowrådet i Ulvik vil med dette invitera bygdafolket til felles måltid og feiring av oss sjølve!

Feiringa finn stad laurdag 30. august kl 16.00–18.00 på Allmenningen.

Me serverar ein 2-rettars meny med litt kultur og god drøs attåt.

Festen er gratis men krev at du melder deg på innan fristen.

Cittaslowrådet i Ulvik er breitt samansett av representantar frå næringsliv, politisk valde, reiseliv, kulturliv, ungdom, frivillige lag og organisasjonar, undervisning og landbruk. Viktige oppgåver for rådet er mellom anna å skapa dialog kring Cittaslow, å fremja Ulvik som ein stad kor det er godt å leva og å vera ein inspirator i heradet sitt arbeidet med det gode, sakte liv her i bygda vår. Dei siste åra har rådet også arbeidd med å sertifisera bedrifter i Ulvik som Cittaslowbedrifter. I dag er heile 15 bedrifter i Ulvik sertifiserte. 

Påmelding til bygdafesten innan 15. august til mona.hellesnes@ulvik.kommune.no

Om du melder deg på som familie må du skriva inn kor mange vaksne og kor mange born under 12 år som deltek.

Det blir tatt omsyn til gluten- og laktoseintoleranse i maten.

Om veret ikkje er på vår side denne dagen blir festen på Elvatun.

 

Velkomen!

 

Venleg helsing

for Cittaslowrådet

 

Jorid Lekve Eide                                 Mona H Hellesnes

Rådsleiar                                            Sekretær for rådet