Om Ulvik

Ulvik er ei Cittaslowbygd
Ordførar: Hans Petter Thorbjørnsen (AP) 
Areal: 722,01 km2
Innbyggjertal: 1089
Grender: Finse, Osa og Vangsbygda 
Hovudnæringar: Reiseliv og Jordbruk 

Ulvik herad strekkjer seg frå inst i Hardangerfjorden til høgfjellet på Hardangervidda.

Kommunesenteret Brakanes ligg i hjarta av Ulvikfjorden, og her finn ein det meste av servicetilbod og offentlege tenester.

Bygda har mellom anna fire hotell, campingplass, fleire serveringsstader og daglegvarebutikkar.

Fruktgardane omkransar bygdesenteret, då hovudnæringa i landbruket er frukt og sauehald. Her finn ein og den einaste frukt- og siderruta i landet.

Riksveg 7 og riksveg 13 går gjennom Ulvik, med majestetiske Hardangerbrua som fjordkryssing mellom Ulvik på nordsida og Ullensvang på sørsida av Hardangerfjorden.

Finse er den veglause tettstaden i høgfjellet, med hotell, turisthytte og ei rekkje private fritidsbustader. Her finn ein og Rallarmuséet.  

Finse er den høgstliggjande stasjonen på Bergensbanen, 1222 moh.  Den historiske Rallarvegen, frå Haugastøl via Finse til Flåm eller Voss, er ein av dei mest populære sykkelrutene i landet.

Hallingskeid, stasjonen vest for Finse på Bergensbanen, er og ein del av Ulvik. Den historiske vandreruta frå Hallingskeid til Osa og Ulvik er ei T-merka turrute som er mykje brukt i sommarmånadane

 Handteikning Hanne Li 

Til toppen