Flytta til Ulvik?

Ulvik herad ligg inst i Hardangerfjorden, omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året.

Her er det skiløyper om vinteren og badestrand sommarstid.

Ulvik Idrottslag har organiserte tilbod for alle aldersgrupper heile året. Fleire andre lag og organisasjonar har aktivitetar og arrangement som gjev påfyll for både sjel og gane.

Her er og ei rekkje konsertar og festivalar.

Heradet har eit godt tenestetilbod med helsesenter og nybygd sjukeheim. Skulen er ein 1. – 10. skule, med fleirbrukshall og svømmebasseng.

Barnehagen og skulefritidsordninga har tilbod til alle som ønskjer det.

Ta gjerne kontakt med oss på tenestetorget på Sentrumsbygget i Skeiesvegen 3.

 

Til deg som skal flytta hit

Til toppen