Godkjent som Trafikksikkert herad!

Me er stolte av at Trygg Trafikk har godkjent oss som “Trafikksikkert herad”. Å bli godkjent er ikkje ein garanti for fråvær av ulykker, men eit kvalitetsstempel for godt, målretta og heilskapleg arbeid med trafikktrygging. 

Audun Heggestad og Knut Olav Nestås frå Trygg Trafikk, Guri F. Sognnæs og Katrine H. Riber frå Vestland fylkeskommune, og tilsette i administrasjonen. Harald Heieraas, Trygg Trafikk

Representantar frå Trygg Trafikk, Vestland fylkeskommune og Ulvik herad var til stades under markeringa av godkjenninga fredag 8. desember 2023. I løpet av møtet fekk dei ulike sektorane i heradet presentera trafikktryggleiksarbeidet sitt, og dokumentasjonen dei har levert for at heradet skulle bli godkjent. 

Trafikksikringsarbeidet fekk skryt

Helsestasjon, barnehage, skule, kultur, HR, kommuneoverlege, kommunalteknikk og plan har utarbeidd dokumentasjon. Trygg Trafikk kom med gode tilbakemeldinger på arbeidet som er gjort og godkjente heradet for tre år. Trygg trafikk var også veldig nøgd med heradet sin trafikksikringsplan, og fylkeskommunen påpeika at Ulvik herad utmerker seg når det gjeld engasjement innan trafikksikring.

Å bli godkjent som “Trafikksikkert herad” er eit viktig tiltak i Ulvik herad sin nye Trafikksikringsplan. “Trafikksikkert herad” er eit kvalitetsstempel på systematisk arbeid med trafikktryggleiken, og prosjektleiar Linda V.M. Præstiin er svært nøgd med at heradet no er godkjent.  

Knut Olav Nestås frå Trygg Trafikk overrekkjer blomar til prosjektleiar Linda V.M. Præstiin. Jarle Grevstad, Ulvik herad

Fokus på trafikktryggleik har god effekt

Ifølgje ein rapport frå Transport Økonomisk Institutt, har fokus på trafikktryggleik god effekt. Auka fokus på trafikktryggleik i kommunane har ført til at kommunalt tilsette oppfører seg sikrare i trafikken og tenkjer meir på trafikktryggleik i kvardagen. 

Større fokus på haldningsarbeid og organisatorisk arbeid som “Trafikksikkert herad” bryt med den tradisjonelle tankegangen, som fokuserer på fysiske trafikktryggleikstiltak, men er betydeleg rimelegare tiltak. Ein vil uansett aldri kunna byggja seg ut av trafikktryggleiksutfordringane.  

 

Kva kriterier må oppfyllast for å bli godkjent?

Her er nokre døme på kriterium som må oppfyllast for å godkjennast som eit Trafikksikkert herad:

  • trafikk som tema i arbeidsmiljøutvalet,
  • reglar for reiser og transport i regi av heradet og ved kjøp av transporttenester,
  • trafikksikkerheitsopplæring og retningsliner for turar i barnehage og skule.
     

Kriteria for alle sektorar finn ein på Trygg Trafikk sin side Trafikksikker kommune.

Ordførar Jens Olav Holven har mottatt Trafikksikkert herad-skiltet frå Knut Olav Nestås frå Trygg Trafikk. Linda V.M. Præstiin

Betre rusta for å få løyving om tilskot

Som “Trafikksikkert herad” kan lag og organisasjonar, og heradet sjølv, søkja offentlege tilskotsmidlar innan trafikktryggleik. Søknadar som kjem frå kommunar med denne statusen blir prioritert, og til tider favorisert. Med andre ord er ein betre rusta for å få løyvd tilskotsmidlar til trafikktryggingstiltak. 

 

 

Til toppen