Logoped

For å søkje logopedhjelp kan du ta kontakt med barnehage, skule, PPT eller lågterskel logopedi.

Vaksne kan få tilvising frå lege/sjukehus eller ein kan bruke skjemaet som ligg på heimesida til Ulvik herad. Vaksne med stemmevanskar må ha tilvising frå øyre-nase-hals-lege

Områda logopeditenesta arbeider med er; språklydvanskar, taleflytvanskar, oralmotoriske vanskar, stemmevanskar, afasi/dysartri/dysfagi, og nevrologiske tilstandar. 
Me jobbar ikkje med generelle språkvanskar (t.d. omgrep, ordforråd, grammatikk).

Det er ein føresetnad at både foreldre og personale barnehage/skule fylgjer opp treninga som blir avtalt med logopeden for at barnet skal ha framgang og kome i mål i høve til vanskane.  

Lågterskeltilbod for logopedhjelp kan du venda deg til direkte, utan tilvising. Her skal ein kunna få råd, rettleiing og eventuelt noko direkte treningshjelp. 
Tilbodet gjeld primært for barn og unge i  barnehage- og grunnskulealder. 


Ta kontakt med logoped Ann Kristin Steinhovden Wathne på telefon 95733370 eller direkte med Spira barne og familieeining. 


Me gjer merksam på at lågterskelen gjeld hovudsakleg språklydsvanskar  og oralmotoriske vanskar. 
Om ein mistenkjer spesifikke språkvanskar vert det anbefala å ta kontakt med PPT ved å ringe eller ved kontaktpersonen på skulen/PPT.

Artikkelliste