Ulvik barnehage

   

Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar.

Me har fire avdelingar, to småborns-  og to storbornsavdelingar, med til saman rundt 60 born.

Ulvik herad er ein heilskap og barnehagen er ein viktig del av denne. Barnehagen skal tilby dei yngste innbyggjarane ein god samspels- og utviklingsarena.

Barnehagen vert også ein viktig møteplass for foreldra, og me har eit aktivt Samarbeidsutval og Foreldreråd.

Det faglege nivået i barnehagen skal vera høgt, og me arbeider for at personalet får utvikla og byggja på den faglege kompetansen sin.

«Barnehagen skal anerkjenne og verne om eigenverdien til barndommen.  Å bidra til at alle barn som går i barnehage, får ein god barndom som er prega av trivsel, vennskap og leik, er fundamentalt. Barnehagen er og ei førebuing til aktiv deltaking i samfunnet og bidreg til å leggje grunnlaget for eit godt liv.» Rammeplan for barnehagen s 8.

Barnehagen vel ut satsingsområde og fokusområde som me arbeider særleg aktivt med kvart barnehageår. Det finn ein meir informasjon om i barnehagen sin Årsplan.

Barnehagen har eit godt samarbeid med skulen, slik at overgangen barnehage – skule skal bli ei trygg og god oppleving for barna.

Til toppen