Barnehageteam er eit tverrfagleg fora i barnehagen og har som målgruppa barn i alderen 0 til 5 år. Teamet drøftar problemstillingar som oppstår i barnehagen, i grupper og enkeltsaker. Alle profesjonane i teamet har ein rådgivande funksjon. Teamet tilbyr tverrfagleg rettleiing og fordeler ansvar og oppgåver.
Barnehagen eller føresette kan melde saker inn til teamet. I enkeltsaker skal det innhentast samtykke frå føresette. Føresette vel om dei vil delta eller ikkje. Saker kan også drøftast anonymt.
Målet med barnehage team
Gjennom forpliktande tverrfagleg samarbeid skal ein kome fram til bistand og tiltak for å:
- Fange opp og vurdere behov for innsats så tidleg som mogleg
- Sørge for at barn, føresette og barnehagemiljø får nødvendig hjelp og oppfølging
- Finne riktige og heilskaplege sammensatte tiltak
Ansvar
Teamet driftast og leiast av barnehagestyrar. Teamet skal fordele oppfølgingsansvar i møtet.
Profesjonssamansetning
- Barnehage v/ barnehagestyrar
- Barnehage v/ aktuell pedagogisk leiar
- Helsestasjon v/ helsesjukepleiar
- Fysioterapeut for barn og unge
- PPT
- Barnevernstenesta
Ved behov/ aktuelle saker kan ergoterapeut, lege, logoped, anna pedagogisk personale eller flyktnigetenesta kallast inn.
Møteplan
Det skal væra regelmessige møter, 6 per år.