Sal, skjenke- og serveringsløyve

Du kan søka om følgande løyver:

  • Serveringsløyve
  • Salsløyve for alkoholhaldig drikk
  • Skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk
  • Tilverkingsløyve for skjenking og sal i eiga verksemd

 

Løyve vert tildelt etter ei skjønnsmessig vurdering.

Søk her

Løyvetypar

Salsløyve

Kommunen tildeler salsløyve for alkoholhaldige drikkevarar. Dette gjeld sal og utlevering av drikkevarar som ikkje skal konsumerast på salsplassen, t.d. daglegvarebutikkar. Ein kan også søka om tilverkingsløyve for sal i eiga verksemd.

Bensinstasjoner og kiosker får ikkje salsløyve

Løyvesøkar og personar som har vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderlig vandel. For kvart løyve må verksemda peika ut ein styrar og ein vara. Desse må ha bestått kunnskapsprøva for alkohollova, vera over 20 år, vera fast tilsett i verksemda samt oppfylla krava alkohollova stiller.

Utviding av salsområde

Det kan etter søknad, ved særskilde høve, verta gjeve løyve til utvida område for sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1. Særskilde høve er t.d. festivalar, messer og kurs. Det vert ikkje gitt løyve til sal og skjenking i same lokale.

Alminneleg skjenkeløyve

Personar eller verksemd som vil driva serveringsplass som skjenker alkoholhaldig drikk, må søka om skjenkeløyve. Ein kan også søka om tilverkingsløyve for skjenking i eiga verksemd. Ein må ha serveringsløyve før ein kan få skjenkeløyve.

Det vert ikkje gitt skjenkeløyve til frisørsalongar, spa og andre plassar som primært sel andre typar varer og tenester.

Løyvesøkar og personar med vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderlig vandel. For kvart løyve må verksemda peika ut ein skjenkestyrar og ein vara. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova, vera over 20 år, vera fast tilsett i verksemda samt oppfylla krava alkohollova stiller. 

Utviding av skjenkeområde

Det kan etter søknad verta gjeve løyve til utviding av eit skjenkeområde for alminnelege løyver.

Utviding av skjenkeområde gjeld for dei same alkoholgruppene som løyvehavar har rett til å skjenke. Skjenketid følgjer dei vedtekne skjenketidene som løyvehavar har fått, men kommunen kan innskrenka skjenketidene ved utvida skjenkeområde.

Utviding av skjenketid

Det kan etter søknad verta gjeve løyve for einskildshøve til utvida skjenketid for alminnelege løyver, men ikkje ut over alkohollovas maksimaltider.

Skjenkeløyve for einskildshøve

Det kan tildelast skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 for einskilde høve i forsamlingslokale med eventuelt uteområde. Det skal peikast ut ein skjenkestyrar og ein vara for skjenkestyrar. Ved særskilde høve som ved t.d. mindre arrangement kan ein gje dispensasjon frå kravet om vara.

For å få løyve til einskildhøve må det vere minimum 18 års aldersgrense til skjenkjelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon ved enkelte typar arrangement der det vil vere naturleg å gje tilgang til ungdom under 18 år. Dette kan vere kulturelle arrangement som t.d. konsertar og revy, eller private arrangement som t.d. bryllaup. Dispensasjon kan verta gitt med vilkår - t.d. krav om verjeordning.

Det vert ikkje gjeve skjenkeløyve for idrettsarrangement.

Det kan setjast krav til vakthald/mannskap ved skjenkeløyve for einskildshøve.

Før du søker om skjenkeløyve for einskildshøve skal du ha sendt melding til politiet om arrangementet, sjå Arrangementer - Politiet.no for meir informasjon. Stadfesting/førebels svar frå politiet skal leggast ved søknad.

Merk at søknadsfrist er tre veker før arrangement. Søknadar som kjem inn etter dette kan verta avvist. 

Serveringsløyve

Kafear, restaurantar, gatekjøken og andre som skal servera mat og/eller drikke må søka om serveringsløyve.

Du har krav på å få serveringsløyve dersom vilkåra i serveringslova er oppfylt, og det ikkje ligg føre andre forhold som gjer det utilrådeleg å gje løyve. Det er gratis å søka og få serveringsløyve. Før du begynner å servere, må du ha fått innvilga løyve.

Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva.

Kunnskaps- og etablerarprøve

Etablerarprøva

Serveringsstad må ha ein dagleg leiar og vedkommande må ha bestått etablerarprøva for å kunne søka om serveringsløyve.

Etablerarprøva tester kandidatens kunnskap om økonomistyring og lovgivning av betydning for drift av serveringsstadar. Aktuelle lovar er serveringslova, skatte- og avgiftslovgivinga, regnskapslovgivinga, konkurslovgivinga, arbeidsmiljølovgivinga og alkohollova.

Prøva er ein flervalgsprøve på 90 minutter. Du må svara rett på 40 av 50 spørsmål.

Pensum finn du her: Etablererprøven for serveringsvirksomhet | VINNs nettbutikk

Kunnskapsprøva 

Det er to ulike kunnskapsprøver- ein for salsløyve og ein for skjenkeløyve. Prøva er ein fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svara rett på 24 av 30 spørsmål.

For å vera styrar eller vara må du bestå kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.

Pensum finn du her: VINNs nettbutikk | Etablererprøven og Kunnskapsprøven

Omsetningsrapport

Innehavarar av sals- og/eller skjenkeløyve skal betala eit årleg løyvegebyr, sjå alkohollova § 7-1 og
alkoholforskrifta kapittel 6. Gebyrsatsane finn ein i alkoholforskrifta § 6-2.

Me ynskjer at omsetningsrapport vert sendt inn via skjema:

Skjema - Omsetnadsrapport for alkohol

Løyve- og sakshandsamingsgebyr

  • Innehavarar av sals- og/eller skjenkeløyve skal betala eit årleg løyvegebyr. Gebyrsatsane finn ein i alkoholforskrifta § 6-2. Gebyret vert rekna ut på bakgrunn av årleg innsendt omsetnadsrapport.
  • For gjennomføring av etablerarprøva og kunnskapsprøva må ein betala eit gebyr pålydande kr 400,- for kvart forsøk
  • For skjenkeløyve for einskildshøve må ein betala eit sakshandsamingsgebyr. Størrelsen på gebyret vert bestemt ut frå forventa tal deltakarar:
    • 0-100 gjester: Kr 600,-
    • 100-200 gjester: Kr 1500,-
    • >200 gjester: Kr 3000,-

Lovar og forskrifter

Kontakt

Ta kontakt med sakshandsamar ved spørsmål

Tlf. 418 66 961

E-post: katrina.hellesnes@ulvik.kommune.no evt. post@ulvik.kommune.no