Vigsel

To gullringer ligger litt oppå kvarandre - Klikk for stort bileteTo ringer Ukjent

Alle som har rett til å gifte seg kan få gifte seg i Ulvik herad.

 

Heradet tilbyr gratis vigsel for alle sine innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Noreg, men likevel fyller vilkåra for inngåing av ekteskap i Noreg. Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i heradet for at vi har plikt til å tilby vigsel.

Førebuing

Før inngåing av ekteskap må det ligge føre gyldig prøvingsattest på tidspunktet for ekteskaps-inngåinga. Skjema finn du på skatteetaten sine heimesider. I Ulvik herad kan vigsel avtalast tidlegast frå det tidspunkt det ligg føre gyldig prøvingsattest.

I Ulvik herad er det fleksibilitet på når det kan tilbydast vigslar, men nødvendige ressurser er best tilgjengelege innan normalarbeidstid. Heradet oppfordrar brudefolk til å sende inn ønska tidspunkt når vigsel vert bestilt. Heradet har eige lokale for vigsling (heradsstyresalen). Vi gjer merksam på at vigsler i andre lokaler enn heradet sitt faste seremonilokale og vigslar lagt til andre tider enn normalarbeidstid, vil få ein kostnad. Sjå eigne betalingssatsar for vigsling.

Kostnader

Tilbodet om borgarleg vigsel er gratis for heradet sine eigne innbyggarar og for personer som ikkje er busett i Noreg. Heradet tek betaling for naudsynte meirkostnader dersom brudeparet vert vigsla utanom vanleg kontortid eller på annan stad enn heradet sitt seremonilokale. Brudefolk som ikkje er busett i heradet, med unntak av personar som ikkje er busett i Noreg, må og betale for tenesta. Heradet tek ikkje betalt for meir enn dekking av naudsynte faktiske kostnader.

Ynskjer du å vigslast av Ulvik herad?

Brudefolk som ynskjer å vigslast i regi av Ulvik herad tek kontakt med tenestetorget på epost postmottak@ulvik.kommune.no. I e-posten må det stå namn på brudepar, e-postadresse, telefon-nummer, evt ynskje om anna lokalisering enn fast seremonirom, dato og tid. Legg ved original prøvingsattest. Om du allereie veit kven som skal vere vitner, skriv gjerne ned namna på dei og. Heradet vil ta stilling til om ein kan tilby vigsel i tråd med det brudeparet ynskjer. Har du spørsmål om vigsel i Ulvik herad kan du og ta kontakt på telefon +47 56 52 70 00.

Når kontakt er etablert vil vårt tenestetorg ta kontakt med brudefolket for å avtale vidare gang fram til borgarleg vigsel finn stad.

Til toppen