Opptakskrav:
- Busett i Ulvik herad.
- Kulturskulen er open for alle, men born i førskulealder og elevar i grunnskule vert prioriterte
Undervisningsstad/Tid: Brakanes skule. Etter skuletid/ettermiddag i samarbeid med lærar/elev.
Kulturskuleavgift
Syskjenmoderasjon: Elevene i Kulturskulen får 50% syskjenmoderasjon på alle tilbod unnateke gruppetilboda.
Piano og song er eit populært tilbod der Detelina Deneva (Lynna) er lærar. Ho underviser i både klassisk og popmusikk.
Skulemusikken: Ulvik Skulemusikk er eit generasjonskorps. Elevane får opplæring i blåse og slagverksinstrument. Dirigent og blåseinstruktør er Aksel Holdhus.
Gitar, bass og band: Det er tilbod om opplæring på gitar og elbass. Ofte blir desse instrumenta nytta i band. Instruktør er Erlend Styve.
Slagverk: Elevane får undervising i å spela trommesett. Dei blir ofte nytta i samspel med band. Instruktør: Ørjan Borge.
Hardingfele: Her får elevane læra å spela på den najonale skatten frå hardanger. Instruktør er Svein Laingen Kjerland.
Biletkunst: Gruppetilbod der Silje Syse underviser.
Drama: Gruppetilbod med fokus på teater der Ingeborg Wiljand som instruktør.
Lyd/lys: Gruppetilbod der Ørjan Borge gir opplæring i bruk av lyd og lysutstyr. Elevane er med å køyre lyd/lysproduksjonar for skulen og kulturskulen.
Nøringen: Gruppetibod i lokale tradisjonar innan dans, leik, song, baking osb. Eit tilbod primært for born i førskulealder (4-6 år) Instruktørar er Anne-Marie Øydvin og Alexander Olavson Røynstrand.
Gut spelar piano
Erlend Styve