Program Kølleseminar 8. - 10. mai 2026

Kunsten å gå, kunsten å sjå - Catharine Hermine Kølle

 

Kølleseminar på Hjeltnes produksjonsskule laurdag 9.mai er utseld.

Billettar til kveldsarrangement i Holmen kulturpark laurdag 9.mai kr 250,-. Det er 15 ledige billettar igjen og desse  blir selde i døra.

Med utgangspunkt i eit kvitt hus på Holmen i Ulvik, vandra Catharine Hermine Kølle (1788-1859) med skissebok og notatbøker gjennom halve Norge og vidare ut i verda og inn i historia. Ho dokumenterte landskap og stader i over 250 akvarellar og tusen sider med reisedagbøker, eit materiale som i dag er ein unik kunstnarleg og kulturhistorisk skatt. Catharine var på alle vis ei banebrytande kvinne i samtida si, men kunsten og opplevingane blei i hennar levetid berre delte med naboar og venner i Ulvik.

I seminaret «Kunsten å gå, kunsten å sjå» vil me dela og synleggjera livsverket til denne eventyrlege kvinna – kunstnaren, vandraren og forfattaren Catharine Hermine Kølle.

 

 

 

 

Kart til Holmen kulturpark

Kart til Hardanger produksjonsskule Hjeltnes

Overnatting

Arrrangementet er støtta av:

Anne Marit Lekve
Kulturkonsulent
E-post
Telefon 40 00 71 60