Søknad om å verta Cittaslowsertifisert
Korleis gagnar det deg?
- De blir med i tevlinga om årets Cittaslow-pris. Prisen vert delt ut på Oktobertorget kvart år.
- De får tildelt eit diplom der det vert skildra kvifor akkurat di verksemd/lag har blitt godkjent.
- De får eit skilt med Cittaslow-logo til å festa på yttervegg eller liknande.
- De blir ein viktig del av arbeidet med å verna om og vidareutvikla «det gode liv» i Ulvik, samstundes som de stør opp om lokal produksjon og vidare utvikling av den flotte bygda vår og alt me har å by på i dag og i framtida.
- De kan ta i bruk ein internasjonal anerkjent logo i all marknadsføring og blir del av eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt Cittaslow nettverk.
Send oss ein søknad, då vel ! Etter søknaden er motteken kontaktar vi deg.
Cittaslowrådet vurderer kvar verksemd ut i frå desse kvalitetskrava:
Energi- og miljøarbeid
- Verksemda har eit medvite forhold til miljø, avfallshandtering og resirkulering etter gjeldande forskrifter.
- Verksemda forureinar ikkje det ytre miljø og følgjer gjeldande forskrifter for utslepp og resirkulering.
Infrastruktur
- Fasadar og bygningar er velhaldne og innbydande
- Skilting og informasjon er tilpassa arkitektur og miljø på staden
- I desember er uteområde, vindauger eller fasadar pynta til jol, og er dekorert høveleg elles i året
Fornying og utvikling
- Verksemda bidreg til utvikling i Ulvik gjennom innovasjon, nyskaping, produktutvikling og tenesteproduksjon
- Verksemda tek del i ei berekraftig utvikling (kulturelt og/eller miljømessig)
Landbruk, reiseliv og handverk
- Produksjon av lokale råvarer som er forankra lokalt gjennom produksjon/dyrking eller oppskrift
- Bruk av lokale og regionale råvarer i matproduksjon og servering
- Tek vare på kulturlandskapet
- Nyttar og fornyar handtverk og lokale tradisjonar
Gjestfridom og vertskap
- God kundesørvis og gjestfridom kjenneteiknar verksemda
- Verksemda er oppteken av å ta godt vare på alle som besøkjer Ulvik, og av å syne fram Ulvik på ein god og rettvis måte
Fellesskap og integrering
- Heile verksemda er godt kjend med og kan formidla kva Cittaslow står for i Ulvik.
- Dei tilsette er godt kjend med historia til verksemda og bygda Ulvik (bygg, personar, stadar, tradisjonar osb.).
Lokalt samarbeid
- De bidreg, samarbeider og tek del i lokale arrangement og hendingar.
- Marknadsføringa skjer på nynorsk og gjerne på fleire språk der det er naturleg.