Kven kan få bustadsosial bistand?
Du kan med anna ha rett til bustadsosial bistand dersom du:
- Står utan bustad
- Bur i ueigna bustad
- Risikerer å miste bustaden din
- Har økonomiske eller helsemessige utfordringar som gjer det vanskeleg å skaffa eller behalda bustad
Sakshandsaming og individuelt tilpassa bistand
Alle søknadar om bustadsosial bistand vert handsama etter bustadsosiallova.
Heradet pliktar å gi individuell tilpassa bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Merk at den individuelle bistanden ikkje nødvendigvis inneber at ein får tildelt kommunal bustad. Bistanden kan bestå i alt frå t.d. råd og økonomisk rettleiing, hjelp til å leita etter eigna bustad m.m.
Korleis søke?
Me ynskjer at du søker via det digitale systemet Kobo. Systemet er utvikla av Husbanken. Det er enkelt, brukarvenleg og laga for å ivareta ditt personvern. Det er heradet som mottar og handsamar søknaden din.
Kobo - digital søknad
Dersom du ikkje kan eller ynskjer å søka digitalt kan du ta kontakt med Tildelingskontoret - Ulvik herad
Nyttig informasjon