Førstegongsetablerar og manglar eigenkapital?

Om du ynskjer å kjøpa deg husvære i Ulvik, men ikkje  har eigenkapital eller nok eigenkapital, kan det likevel vere håp om å få finansiering.

 

Ulvik herad tilbyr to ulike STARTLÅN:

 

  1. Startlån til personar med langvarige problem med å få finansiering i vanleg bank
  2. Startlån til førstegongsetablerarar som har 5 % eigenkapital (Forsøksordning frå Husbanken som Ulvik herad deltek i).

For å finne ut om dette kan vere aktuelt for deg eller du ynskjer å søkja om startlån, les meir her

 For deg som vil søke startlån og tilskudd - Husbanken  

For informasjon kan du og kontakta sakshandsamar Margunn Hauso.  

Kontaktinformasjon: margunn.hauso@ulvik.kommune.no tlf 40007129